Vedtak 134/19
Tvist om førerett for deltidstilsette etter arbeidsmiljøloven § 14-3.
Beskrivelse
Helsesekretær i 60 prosent stilling fekk ikkje medhald i krav om førerett til 40 prosent av eit vikariat. Nemnda kom til at det var ein vesentleg ulempe at bemanningsplanen ikkje ville gå opp utan å tilsetje ein ekstra person eller endre legane sine arbeidsdagar. Fleire deltidstilsette i den omtvista stillinga ville og vere til hinder for kontinuiteten i arbeidet. Einstemmig.