Vedtak 116/20
Tvist om fortrinnsrett for deltidstilsette etter arbeidsmiljølova § 14-3.
Beskrivelse
Helsesjukepleiar i 60 prosent stilling fikk medhald i krav om fortrinnsrett til utlyst heiltidsstilling som helsesjukepleiar. Arbeidsgivar hadde gitt tilbod om 20 prosent stillingsøkning og gitt ekstern søkjar dei resterande 80 prosent av stillinga, til tross for at dei fyrst hevda at stillinga ikkje kunne delast opp utan vesentleg ulempe. Nemnda kom til at arbeidsgivar ikkje tilstrekkeleg hadde sannsynleggjort at det ville bli vanskelegare å rekruttere til ei 60 prosent stilling enn ei 80 prosent stilling og viste til at det ikkje var gjort forsøk. Einstemmig.