Vedtak 158/20
Tvist om fortrinnsrett for deltidstilsette etter arbeidsmiljølova § 14-3
Beskrivelse
Miljøterapeut fekk medhald i krav om fortrinnsrett til ledig heiltidsstilling som miljøterapeut ved same institusjon. Nemnda kom til at saka måtte avgjerast på bakgrunn av opplysningane som låg føre, da arbeidsgivar ikkje hadde opplyst saka overfor nemnda trass i utsette fristar og påminningar. Nemnda kom til at arbeidsgivars påstandar i avslaget om at utøving av fortrinnsretten ville medføre vesentleg ulempe ikkje var tilstrekkeleg dokumentert eller godtgjort. Einstemmig.