Vedtak 71/26
A har rett til delvis foreldrepermisjon etter arbeidsmiljølova § 12-6. Permisjonen skal takast ut etter planen han har lagt fram i søknaden.
Beskrivelse
Paramedisinar/sjukepleiar i 100 prosent stilling ved ambulansestasjon fekk medhald i kravet om å gjennomføre delvis foreldrepermisjon som fritak frå vakter på vekedagar, kombinert med arbeid i helgane.
Nemnda la vekt på at den andre forelderen også jobba i same teneste, at arbeidsgivar ikkje hadde forsøkt å finne vikar for dei tre vaktene saka gjaldt og bede arbeidstakar byte dei sjølv.
Einstemmig.