Vedtak 50/26
A har rett til utdanningspermisjon i tre år etter arbeidsmiljølova § 12-11.
Beskrivelse
Lærar i 100 prosent stilling fekk medhald i krav om utdanningspermisjon i tre år .
Nemnda viste til at arbeidsgivar sine merknader om nedbemanning i skulesektoren var generelle, lite konkrete og lite treffande. Nemnda la vekt på at det var ein stor skule med mange tilsette og at. skulen allereie har ein vikar i arbeidstakar si stilling. Nemnda viste til at dette vil gjere reduksjonen i årsverk enklare å handtere ved at arbeidsgivar for ein periode ikkje treng å ta ned like mange årsverk når arbeidstakar har utdanningspermisjon.
Nemnda tok utgangspunkt i arbeidstakars opplysningar, ettersom arbeidsgivar ikkje kommenterte desse innan fristen.
Einstemmig